Innlegget er sakset fra Sunnmørsposten og skrevet av Svein Nordal.
Kommandittselskapet som eig halve Ørsta Torg er konkurs. Men kjøpesenteret lever vidare.
Fredag vart Ørsta Torg KS slått konkurs i Søre Sunnmøre tingrett. Det er også begjært konkurs i Lannerholm Eigedomsselskap.
Grunnlaget er krav frå Sparebanken Volda Ørsta og Skatt Midt-Norge.
– Vi tek sikte på å halde senteret ope. Å unngå stenging er svært viktig for oss. Det ville ha vore ille om butikkane også hadde gått med i dragsuget, seier Thomas Lundberg i Sparebanken Volda Ørsta.
Selde seg ut.
– Konkursen rører ved ikkje meg og mine selskap. Eg selde Lannerholm Eigedom, som eig eldste delen av kjøpesenteret i 2007. Sidan har eg ikkje hatt nokon eigarinteresser i det konkursramma selskapet. Eigar var no kommandittselskapet med over hundre eigarar, seier Jan Peter Lannerholm.
– Kvifor selde du den gongen?
– Eg fekk eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til, seier Lannerholm.
Krav.
Han registrerer at enkelte av kommandittistane meiner å ha millionkrav retta mot han.
– Men det har ikkje grunnlag i realitetar. Dei har jo heller ikkje kome med formelle krav, seier Lannerholm.
Han har mange utbyggingsplanar, og har nyleg sett opp eit nytt forretnings-og leilegheitsbygg i Ørsta sentrum.
– Men det er gjennom selskapet Peder Øvstegård AS, presiserer Lannerholm.
Myklebust.
Forretningspartnar Petter Myklebust ser faren i at folk no trur at heile Ørsta Torg er historie.
– Truleg får ikkje dette noko å seie forden vidare drifta av kjøpesenteret. Den store fargehandelen og heile kjøpesenteret til Sparebanken Møre sine lokale er eigd av meg, og har ingen ting med denne konkursen å gjere, seier Myklebust.
Store planar.
Saman med Lannerholm og Peder Øvstegård AS har Myklebust planar om å kjøpe ei tomt mellom Ørsta Torg og Amfi Ørsta. Her ynskjer dei å setje opp eit forretningsbygg med parkeringskjellar, og ved hjelp av gangbruer over gatene byggje saman dei to kjøpesentera i Ørsta sentrum.
– Konkursen får ingen ting å seie for våre planar her. Planane er framleis høgst aktuelle, og vil bli realiserte, seier Petter Myklebust.
– Kjem du til å kjøpe resten av Ørsta Torg, no når kommandittselskapet er historie?
– Nei, det skal eg i alle fall ikkje gjere. Men det er klart at det må gjerast grep med senteret, seier Myklebust.
- Lannerholm har skulda.
– Vi meiner Lannerholm og Sparebanken Volda Ørsta har ein stor del av ansvaret for konkursen.
Det seier Kristoffer Danielsen, som er styreleiar i det konkursramma Ørsta Torg KS.
– Saman med vår advokat vurderer vi no om vi vil fremje omfattande krav mot både Jan Peter Lannerholm og Sparebanken Volda Ørsta, seier Danielsen.
– Kvifor?
– Då Lannerholm selde Lannerholm Eigedom i 2007, gav han ein husleigegaranti han ikkje har følgd opp. Garantien var 7,9 millionar per år, og Lannerholm skulle gjennom sitt selskap Lannerholm Invest garantere for det som måtte mangle. Det har han ikkje følgd opp. Vidare garanterte han at Lannerholm Invest skulle sikre dette gjennom ein eigenkapital på minst ti millionar kroner, hevdar Danielsen.
Han finn det uforståeleg at sparebanken har kravd kommandittselskapet konkurs i staden for å krevje Lannerholm sine garantiar innfridde.
– Dei som vert ramma av konkursen er 103 småsparar som har kjøpt seg inn i god tru. Dei trudde på garantiane. Og her snakkar vi om det unge ekteparet som har lånt seg opp på huset sitt og investert i Ørsta Torg KS, eller sysken som har brukt heile farsarven sin på denne investeringa, seier Danielsen.
mandag 16. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar